- smaken av solvarm hud, åh
- sterke gutehender rundt midja
- dip dye-hår
- klipping og liming
- nye skrivebøker - blanke kvite ark som berre ventar på deg
- growling
- ukulelespeling
- varme badegolv/golv generelt
- second hand-kler
- jenter med slips
- blondetruser
- planlegging og listeskriving
- grønt gras mot kinnet, mot nakne føter, mellom fingrane
- raudnande kinn
- månen - full, halv, kva som helst
- rosa raude oransje skyer
- pupillar som utvidar seg
- å sende/få brev
- nynorsk
- blåraude sugemerker på halsen under øyret
- søppeltv på late søndagar
- å danse midt i vegen klokka fire på natta
- girl, interrupted/one flew over the cockoo's nest/filmar om folk med psykiske problem
- vind og regn i ansiktet, håret(blanda med saltvatn, smil, alt ettersom)
- timelapse
- dyr i øyrene(i dag har eg hjortar med store horn)
- nystøvsugde golv
- pene lepper(har ein ting for det, så sjukt)
- filmmaraton til det blir lyst ute
- pannekakefest(med nugatti)
- å sove på sofaen sjølv om senga er to-tre meter vekke
- dei dagane ein kan sjå seg sjølv i spegelen og tenkje faen eg ser braut
- nye strømpebukser
- såpebobler
- å køyre buss. helst aleine
- gregory house
- tuttifrutti-sorbét
- å vere aleine på hybelen og ha kjøken stove bad for seg sjølv
- å oppdage film-tabbar
- erlend loe sine ord
- bukettar med roser til førtininitti på mega
- tre med raude blad. eller lilla
- lukta av bål, fjæra, saltvatn
- når skyene liknar på dyr(såg ein kval i går)
- fart. helst på sykkel eller i gamle fine bilar som ristar og brølar når dei akselererar
- å sjå på at folk røyker. aller helst pene gutar
- folk med aksent. fransk, russisk, engelsk, irsk
- når det er lyst heile døgnet(eg får sove uansett)
- peach(fargen eller istéen, samma det)
- flammar
- blod
- vinyl-musikk
- random facts
- raude lepper
- å vere aleine
- å lage mat i berre undertøyet
- kjøleskapsmagnet-ord
- parfyme. helst armani
- piercingar
- gult + raudt og blått + oransje
- folk som tør å prøve, leve, feile
- insense - death for me, death for you
- å laste ned film på ti minutt
- lange augevipper
- jenter som ikkje brukar(masse) sminke
- dadgad
- misfits/robert sheehan
- garage band
- prikkar
- stjerner i taket/på himmelen
- å synge i dusjen
- jordbær med sukker til frukost, lunsj, middag
- store tre
- uff på jernbanetorget i oslo
- selet(hytta) på fjellet. med blåblomstra skåler og spindelvev i krokane
- nattmat
- krøllar
- skuldrer og ryggar
- folk som går med hatt
- konsertar
- å dekkje tomme veggar med plakatar og bileter og gitarar
- eingongskamera med sebrastriper
- middag i hagen
- skodde
- trettifem-millimeter(objektiv)
- å hoppe i senga
- knestrømper
- å sjå ting oppned
- kart
- jordbærlakris med sukker
- bobleplast
- skog
- folk som smilar
- skjorter
- lyn og torden
- blåmerker
- varmluftsballongar
- å fly
- lyset ved solnedgong
jul 27 2011 ∞
jul 27 2011 +